Anne Grete Berge og Eivind Eckbo desember 2017 2

Årets bøhering

Engasjert dame. Anne Grete Berge var nominert av fleire og blei kåra av styret i Bø blad til ”Årets bøhering 2017”. Det var styreleiar Eivind Eckbo som overrekte prisen.
Foto: Øystein Akselberg

Anne Grete Berge er kåra til Årets bøhering av Bø blad. Ho dyrkar frivillig arbeid, samarbeidsånda og trivst på sosiale arenaer når det handlar om å hjelpe andre.

Det er Bø blad sine lesarar som nominerer kandidatar til prisen ”Årets bøhering”. Styret i lokalavisa er jury og hadde også i år fleire gode kandidatar å velje mellom. Årets bøhering 2017 er Anne Grete Berge (68). Det var styreleiar i Bø blad, Eivind Eckbo som fekk gleda av å overrekke prisen.
– Du har vore nominert fleire gonger tidlegare og av mange ulike personar. No var det endeleg deg valet fall på, sa Eckbo, og overrekte eit fint keramikkfat til Berge.

Eckbo la til at det er hyggeleg for juryen i lokalavisa at så mange har nominert Berge. Det betyr at det er mange som meiner at akkurat ho fortener å bli sett pris på.
– Du gjer mykje for så mange og fortener verkeleg prisen, sa Eckbo.

Berge likar ikkje å stikke seg fram i slike samanhengar.
– Det eg gjer synast godt i lokalsamfunnet ettersom eg i fleire samanhengar tek på meg ei leiarrolle. Ein må også hugse på at det er mange som gjer dei viktige og små tinga som ikkje synast så godt. Slik sett blir det litt urettferdig at ein som stikk seg fram får pris, seier Berge audmjukt.
– Eg har tru på frivillig arbeid, både for dei som får hjelp ved slikt arbeid, men også for dei som engasjerer seg i sosialt arbeid for å hjelpe andre. Det er mange ubrukte ressursar og folk må finne det som passar. Det gjeld å finne rett arena, seier Berge.