Om oss

Bø blad er lokalavisa for Midt-Telemark kommune i Vestfold og Telemark fylke. Bø blad gjev ut nettavis kvar dag og papiravis kvar torsdag, med cirka 39 sider per utgåve og 48 utgåver i året.

Fakta om Bø blad

Bø blad hadde i 2020 eit godkjent opplag på 2795 eksemplar.

Bø blad har åtte fast tilsette, og det blir utført 7,4 årsverk i bedrifta.
Bø blad produserer heile avisa sjølv og blir trykt ved Nummer 1 Trykk i Larvik.

Papiravisa blir distribuert av Amedia distribusjon.
Avisa blei starta i 1986 av Arne Kielland.
Bø blad er partipolitisk ubunden og blir eigd av lokale aksjonærar.
Bø blad har eit styre på fem personar, med Eivind Eckbo som styreformann.
Dagleg leiar og ansvarleg redaktør er Hilde Eika Nesje.