Sosiale medium

Bø i Telemark
34
-13°C
 

Dato

Tysdag 12. desember 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

To har trekt søknad

2016-03-Kommunehus

To trekkjer seg. To av dei åtte søkjarane til kommunalsjefstillinga trekkjer seg. Foto: Øystein Akselberg

 

Søkjer ikkje likevel

Bø kommune har lyst ut ei kommunalsjefstilling etter Svein Lerum. Åtte søkte på stillinga, fire av desse ønskte ikkje namnet sitt offentlegjort. Det klaga Bø blad på og saka vart anka til Fylkesmannen. Da var det att tre søkjarar fordi ein søkjar trekte søknaden då Bø blad kravde innsyn. Fylkesmannen gav Bø blad rett i at ein av dei tre gjenverande søkjarane ikkje hadde god nok grunn til at namnet ikkje skulle offentlegjerast. Krav om offentlegheit har fått også denne søkjaren til å trekkje seg. To mannlege søkjarar står att som får halde namnet sitt hemmeleg, i tillegg til dei fire som allereie er kjent.

Bø blad grunngav kravet sitt med at kven som får ei kommunalsjefstilling er av offentleg interesse. Kommunen skal tene innbyggjarane og dei har krav om stor grad av innsyn i kva som skjer.

 

Bø seier ja i meiningsmåling

Meiningsmåling-Bø

20 prosent veit ikkje. Det er størst veit-ikkje prosent i Bø, her svarar 20 prosent at dei ikkje veit kva dei vil stemme.

 

 Men det blir nei likevel

Det er tydeleg nei i Nome. Dermed blir det ikkje kommunesamanslåing i Midt-Telemark dersom meiningsmålinga Bø blad og Kanalen har fått gjennomført, slår til. Bøheringane seier også ja i meiningsmålinga, men den som seier tydelegast ja til samanslåing er Sauherad.

 

Les meir og sjå fleire tal i papiravisa til Bø blad eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.

”Stråletur” til Oslo

20160315_151439

Frå kommunar og fylke. Det var med representantar for kommunane, fylkeskommunen og fagfolk på turen til Oslo. Borgar Kaasa nr tre frå høgre. Foto: privat

 

Kjempar for strålesenter

Tysdag var ei gruppe frå Telemark i Oslo for å kjempe for å få det nye strålesenteret til Skien, blant dei varaordførar Borgar Kaasa (Sp) få Bø. Det var representantar både frå kommunane og fylkeskommunen, i tillegg til fagfolk, med på turen.

Ifølgje eit skriv frå fleire kommuneoverlegar i Telemark får innbyggarane i vårt fylk i mindre grad enn andre nytte av stråleterapi. På grunn av lang reisetid får ikkje telemarkingane den strålebehandling som er medisinsk ønskjeleg.

Forkjemparane for eit nytt strålesenter i Telemark viser til at fleire kommunar får kortare reisetid til eit strålesenter i Skien enn til eit i Tønsberg. Dei peikar også på at fleire av pasientane med lengst veg får kortare reisetid til Skien enn til Tønsberg.

 

 

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®