Sosiale medium

Bø i Telemark
34
-13°C
 

Dato

Tysdag 12. desember 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Sport for millionar i Bø

Stor auke i omsettinga. Jon Einar Brukås (t.v.) har sju-åtte årsverk i verksemda. Her står han med ein av butikkens mest populære varer, ein el-sykkel, og tre av butikkens yngre tilsette, f.v. Linda Lia (22), Hans Holte (18) og Kathrine Eggerud Solheim (16). Foto: Øystein Akselberg

Sport og fritid sel for 50 millionar kroner i Bø

Dei tre sportsbutikkane i Bø selde for nær 50 millionar kroner i fjor. Og i haust opna bygdas fjerde sportsbutikk. Brukås sport er den største butikken på sport i bygda med ei omsetting på over 24 millionar i fjor. Dei har auka omsettinga med 50 prosent dei siste tre åra. Også dei to andre har hatt ein liten men positiv auke. Ingen av dei tre sportsbutikkane trur den nye outlet-butikken vil medføre noko negativt for salget deira. Alle helsar den nye butikken velkomen og trur den berre er bra for handelen i Bø.

Omsetting i sportsbutikkane i Bø 2016 (tal i millionar kroner): Brukås Sport: 24,3, G-Sport Sønstebøtunet: 12,8 og Sport 1 Glexe: 11,8.

 

Bø nummer fem i Kultur-NM

Mange konsertar. Bø har tradisjonelt skåra godt i kulturindeksen ved å ha mange konsertar. Til neste års indeks har bygda fått enda ein konsertarena gjennom Røilands kolonial som hadde sin konsertdebut sist helg. Foto: Øystein Akselberg.

Klatrar på kulturindeksen

Telemarkforsking i Bø har i dag presentert ”Norsk kulturindeks 2017”, ein slags NM i kultur i kommunenoreg. Bø rykkjer i år opp til ein flott 5. plass blant landets kommunar. I fjor hamna Bø på 13. plass.

Norsk kulturindeks si nye nettside kan ein finne plasseringar og nøkkeltal frå alle år med Norsk kulturindeks. Nettsida gjev talgrunnlaget betre tilgjengeleg enn tidlegare. Det er Telemarkforsking ved Bård Kleppe som frontar kåringa. For fjerde året på rad er det Røros kommune som toppar kulturindeksen. Hamar tek 2. plassen, medan Nord-Aurdal også kjem på pallen med ein tredje plass. Stavanger er på 4. plass, medan Bø i Telemark kjem i mål på ein god 5. plass. Like bak følgjer Lillehammer. Fjorårets sølvvinnar, Trondheim, må seie seg nøgd med ein 7. plass.

Norsk kulturindeks er ein årleg oversikt over kulturtilbod og kulturaktivitet i norske kommunar, utarbeidd av Telemarksforsking i Bø.

 

Snart klar for Telenor Arena

Klar for finale i MGP-junior. Komande laurdag blir desse fem fine fyrane frå Folkestad å sjå i finalen i årets MGP-junior som blir direktesendt på NRK1 i beste sendetid. Gruppa «F5» består av f.v. Sigurd Nesje, Jonas Ofte Holløkken, Sture Skalstad, Knut Olav Kleiv og Mathias Ladiszlaidesz.  Foto: Øystein Akselberg.

I morgon dreg gutane i bandet "F5" til Oslo og Telemor Arena for å førebu seg til laurdagens MGP-finale. Dei fem gutane er einaste gruppe blant dei ti finalistane. Dei skal framføre si eiga låt "Generasjon prestasjon". Tre av gutane skal innimellom spel på andre instrument også traktere trompet. Dei lovar også ei overrasking i sceneinnslaget sitt.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®