Sosiale medium

Bø i Telemark
33
-10°C
 

Dato

Fredag 14. desember 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Kjempar om opprykk

Topplag i 3. divisjon. Skarphedin fotball sitt damelag heng med heilt i toppen i årets serie. Foto: Skarphedin fotball.

Skarphedin fotball sitt damelag i 3. divisjonsserien for Vestfold, Buskerud og Telemark knivar i toppen etter ein god vårsesong. I går tok laget ein ny overbevisande siger med 3-0 over Fossum heime på Sandvoll. Dermed tek laget sommarpause på andreplass. Jentene ligg tre poeng bak Pors, som har ein kamp mindre spelt. Mot Fossum skåra Jorunn Hellekås etter kårner frå Marianne Sanden, Marie Bang og Siri Nordbø. Spennande og avgjerande blir det 21. august då bølaget tek imot Pors til toppkamp på Sandvoll.

Brødbakaren i Bøgata

Bakar i gata. Gunhild Jonsås Aaknes har mykje godt å by på i bakeriet sitt i Bøgata. Foto: Øystein Akselberg.

I Bøgata 20 har bakeriet Bø Brød etablert seg med stor suksess. Her går det i brød i mange variantar.

Holtsås-kvinna Gunhild Jonsås Aaknes har flytta bakeriverksemda si frå Kjernehuset på Gvarv til Bøgata 20. Her leiger ho lokale hjå Olav Sæther. Jonsås Aaknes opna tidleg i mai og har etter dette hatt mykje å henge fingrane i.
– Eg likar ikkje kaker, men brødskiver derimot, slår Jonsås Aaknes fast, og kan vise fram imponerande mange sortar brød. Her går det i spelt, diverse grovbrød, landbrød med gamle kornsortar og også finare sortar som til dømes Durumkaku. Kanelsnurr er det som minst minner om brød.
– Eg lagar også sakteheva brød med redusert gjærmengde. Dei er økologiske utan tilsettingsstoff av noko slag, seier bakaren sjølv.

Full fart i skogen

Furu av god kvalitet. Skogbruksleiar Håvard Bakka i AT Skog viser kor mykje furustokken har vakse dei 75 siste åra. Furua blei minst 150 år før den nyleg blei hogd. Foto: Øystein Akselberg.

Innan juni er omme vil 20.000 kubikkmeter tømmer vere hogd ut av skogane i Bø hittil i år. Gode tømmerprisar stimulerer til hogst.

Leiar i Bø skogeigarlag, Olav Halstensgård, og skogbruksleiar i AT Skog, Håvard Bakka, kan allereie nå slå fast at det går mot eit svært godt år for hogsten av skog i Bø.

– Innan juli har det blitt hogd 20.000 kubikkmeter tømmer i Bø dette av året, seier dei, og legg til at årssnittet i Bø ligg på rundt 25.000 m3.

Det kan dermed gå mot det beste hogståret sidan toppåret 2007. Då blei det hogd ut 41.000 m3. I år trur skogfolka at ein i allefall kjem opp i 30-35.000 m3.

Dei reknar med at furu utgjer 60 prosent av hogsten i Bø i år og at førstehandsverdien på tømmeret ligg på 330-350 kroner per kubikk. Verdien av tømmeret som er teke ut første halvår er sju millionar kroner, men verdiskapinga vidare i kjeda kan gangast med ti. Skogsdrift har store ringverknader og er også ein stor distriktarbeidsplass.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje