Sosiale medium

Bø i Telemark
34
-10°C
 

Dato

Fredag 14. desember 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Klar for europacup

Går renn i Finland. Aslak Nenseter i Bø skiskyttarlag er klar for renn i europacupen. Arkivfoto.

Skiskyttaren Aslak Nenseter (22) som går for Bø skiskyttarlag har imponert med svært gode resultat denne sesongen. Han vann sesongens første Noregscuprenn i januar. I helga kom han på andreplass i sprinterennet i Noregscupen i Steinkjer. I dag kom bekreftinga på at han er å rekne med i landstoppen. Norges skiskytterforbund tok Aslak ut til europacuprennet (IBU Cup) i Kontiolahti, Finland, 2.-5. mars.
– Det var digg å få den beskjeden nå. Skal gje alt og hauste erfaringar, seier Aslak i ein kommentar då uttaket var klart i dag.

Kommune med pengar på bok

Betre tider på kommunehuset. Bø kommune melder om gode økonomiske resultat for 2016. Foto: Øystein Akselberg

Ut av Robek med pengar på bok

Bø kommune har rekneskapet for 2016 klart og det er hyggeleg lesing. Kommunen går med eit overskot på 12,5 millionar kroner, som utgjer eit driftsresultat på 2,3 prosent. Det betyr at resterande oppsamla underskot blir nedbetalt og at Bø kommune vil gå ut av Robek. Kommunen sit etter nedbetaling av oppsamla underskot att med 9,1 millionar kroner som dermed kan setjast av på fond.

Musikk for alle penga

Glad for grasrot-pengar. Bø skulemusikk  fekk inn nær 15.000 kroner i grasrot-midlar i fjor. Det blir det meir musikk av. Bak f.v.: Markus Kiserud Norendal, Audun Rørmark og Sture Skalstad. I midten f.v.: Hassan Al Aazari, Ingrid Kjøllesdal Johnsrud, Maria Wagle Christensen, Ugne Naudziunaik og dirigent Guri Røsok. Foran f.v.: Sigurd Nesje og Mathias Ladiszlaidesz.

I fjor fekk 41 lag og foreiningar i Bø pengar gjennom Grasrot-ordninga til Norsk Tipping, alt frå 15 kroner til over 100.000 kroner i løpet av året. Totalt sikra ordninga 363.234 kroner til lag og foreiningar i Bø i 2016. Mest fekk IL Skarphedin med 104.653 kroner. På dei neste fire plassane kjem Bø Tråvlag med 65.971 kroner, Bø Fiskelag med 25.197 kroner, Bø Turlag 19.004 kroner og Bø skulemusikk 14.303 kroner. Ved utgangen av året var 875 spelarar registrert i ordninga mot lokale lag og foreiningar i Bø.

Fakta: Grasrotandelen er ei ordning som gjer det mogleg for spelarar hjå Norsk Tipping å gje fem prosent av innsatsen direkte til eit lag eller ei foreining. Spelaren bestemmer sjølv kven andelen skal gå til.

Sjå lista over alle laga som får grasrot-midlar i papiravisa.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje