Sosiale medium

Bø i Telemark
12
8°C
 

Dato

Fredag 21. september 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Bygdas første private solcelleanlegg

Har tru på solenergi. Sveinung Astad ved huset sitt på Langkåshaugen. På taket har han investert i bygdas første private solcelleanlegg. På huset hans er det montert ti solcelleplater og på nabohuset er det 26 plater til.

Satsar på energi frå sola: Bygdas første solcelleanlegg på eit privathus er montert på Langkåshaugen. Eigar Sveinung Astad har tru på at solenergi er framtida.

På to sørvendte hustak i Høibøvegen på Langkåshaugen er det montert to store solcellepanel: Ti solcelleplater på huset til eigaren, Sveinung Astad, og 26 plater på nabohuset. Det tilhøyrer broren til Astad. Solcellepanela er kopla saman til to omformarar i underetasjen i huset til Astad, og anlegget er til saman på 9,54 kW. Det stod klart til bruk 13. november og har ein teoretisk årsproduksjon på 8.000 kWh. Til samanlikning reknar ein med at eit bustadhus har eit forbruk på mellom 15.000 og 20.000 kWh per år.

– Eg har tru på solenergi og synest dette er svært spennande, seier Sveinung Astad, og legg til at solenergien er gratis og at alle kan ta den i bruk.

Han meiner at straumen er for billeg her til lands, og om ein meiner noko med det grøne skiftet så bør alle ta eit tak.

Les meir i papirutgåva vår.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje