Sosiale medium

Bø i Telemark
36
-6°C
 

Dato

Tysdag 21. november 2017

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Målblomen til Byting

Leiar i Bø mållag, Margit Ims, delte ut Målblomen til Thomas Hellekås og bandet Byting under folkemøtet i Gullbring tysdag kveld. Foto: Gro B. Røiland

 

Byting er heidra med Bø mållags Målblomen. Mållaget uttalar at bandet har eit ekte og genuint uttrykk og eit heilt særeige lydbilete med kombinasjonen av elgitar og hardingfele og songtekstar på bømål.

– Det er ikkje sjølvsagt å synge på bømål i ei tid der mange artistar vel engelsk framfor norsk. At de har valt bømål og vore talspersonar for dialektbruk er viktig i ei tid der bømålet er truga, sa Margit Ims, leiar i Bø mållag, i grunngjevinga for at Byting får Målblomen.

Prisen blei delt ut under folkemøtet sist tysdag, der tema var bødialekten. Bø mållag og Bø kulturnettverk inviterte til møtet, som trakk mange engasjerte bøheringar.

 

Meir om folkemøtet og Målblomen kan du lesa i Bø blad torsdag 9. november. Du kan også kjøpe avisa på buyandread.no

 

 

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje

s2Member®