2 Sommertoget Bø stasjon 15. august 2017 4360

Sommartoget er i Bø

Første intervjuobjekt. Ein kar med Sputnik-skjorte var første mann som blei intervjua då Sommartoger kom til Bø like før klokka 14.00. Ordførar Olav Kasland tok i mot NRK sitt sommartog og geleida NRK-folka rundt på stasjonsrommet som var full av folk. Foto: Øystein Akselberg

Sommartoget rulla inn på Bø stasjon nokon minuttar for seint, og like før klokka 14 i dag. Bø var verkeleg på beina og plassen rundt på stasjonsområdet var full av marknadsboder og folk. Utover dagen blir det nå marknad og studenttorg og ulike aktivitetar. Klokka 20.30 blir det oppvarming før TV-showet med lokale aktørar som Jon Rørmark, Kaja Søgard, Jon Solberg og Thomas Hellekås. Ordførarduell blir det også. Så klokka 21.30 er det klart for direktesendt Sommaråpent på NRK.

Sjå fleire bilete frå Sommartoget i biletgalleriet.