170810-Sommartoget-2

Tel ned til Sommertoget

Erik Aarnes, Helena Hafthorsdottir Lindheim, Sverre Jacobsen og Marianne Dale har lenge jobba fram mot NRK Sommartoget sitt besøk i Bø. Tysdag er endeleg dagen. Foto: Gro B. Røiland

Dei håper på ein stasjon full av folk, frå tidleg til seint, når Sommertoget endeleg rullar inn på Bø stasjon tysdag klokka 13.45.

Arrangementskomiteen med representantar frå Bø kommune, Visit Bø, Høgskolen i Søraust-Noreg og Sentrumsringen har lenge jobba med å gjera dagen til ein folkefest for bygda og ei fin profilering av regionen for resten av landet. Nå tel dei ned til den store festdagen.

Mykje skal skje på stasjonen, både i regi av NRK og den lokale arrangementskomiteen. Studenttorget med informasjon til studentar og bodar for alle opnar i god tid før toget kjem. Utover dagen og kvelden blir det underhaldning, både lokalt på stasjonen og i NRKs direktesendte tv-show. Blant dei som deltar på kveldsunderhaldninga er Ni Liv, Jon Solberg solo, Thomas Hellekås og Jon Rørmark.

Les meir i Bø blad eller kjøp avisa på nett på buyandread.no