160630 Sommarland skiskule sprint 109 b

Sol, sommar og skirenn

160630-Sommarland-skiskule-sprint-109-b

Folkeliv. Folk møtte opp langs løypa og heia fram løparane.

 

Full fart på rulleski 

Laurdag var det sol, sommar og skirenn i Bøgata, rett nok med hjul på skia. Folk koste seg medan skiatletane kappast om å kome først i mål.

Sommarland Skifestival og ei veke med ski, trening og konkurransar var nesten over då eit av høgdepunkta for publikum gjekk av stabelen. Både deltakarar frå Bø og frå landslaget var med på skikonkurransen midt i sentrum laurdag.

Gesimsen på Sønstebøtunet var gjort om til tv-studie. Her hadde TV2 kamera og reporterar. Rundt om i gata var det fem kamera til. På torget var det storskjerm der ein kunne følgje med på EM i fotball mellom alle heata i Bøgata. Klakking i stavar, susing i hjul og ivrige kommentatorar fortalde når det var alvor på den nylagde asfalten.

Les meir om festen på Bø torg og sommarskiskulen i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no