161011-rune-hetland-og-roar-osmundsen-lla

Kutt i staden for hjelp

161011-rune-hetland-og-roar-osmundsen-lla

Usikre. Styreleiar i Landslaget for lokalaviser (LLA), Roar Vigeland Osmundsen (t.h.) og generalsekretær Rune Hetland lurer på om regjeringa eigentleg vil ha eit mediemangfald. Foto: Geir K. Hus, LLA

– Dramatisk inntektsfall

– Annonseinntektene fell dramatisk, likevel kuttar regjeringa i produksjonstilskotet. Det gjer at media må halde fram med å kutte stillingar og de blir færre journalistar til å stille kritiske spørsmål.

– Dersom det nokon sinne er trong for ekstra hjelp så er det når media misser annonseinntekter og ikkje klarar å oppretthalde de journalistiske krafta.

Det skriv styreleiar i Landslaget for lokalaviser (LLA), Roar Vigeland Osmundsen og generalsekretær Rune Hetland i ei pressemelding. Bakgrunnen er regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år.

Dei to lurer på om regjering eigentleg vil ha eit mangfald av uavhengige og kritiske media. Dei peikar på at under denne regjeringa er produksjonstilskotet (pressestøtta) redusert med 20 millionar kroner. Dersom ein skulle oppretthalde dagens nivå justert for inflasjon ville det krevje ei vesentleg auke frå det føreslegne nivået på rundt 590 millionar kroner, meiner dei to.

Osmundsen og Hetland viser til at det er eit stort sprik mellom tekstdelen i statsbudsjettet der regjeringa peikar på kva suksess produksjonstilskotet har vore for å få leire lokalaviser og det at regjeringa kuttar støtta.

– Regjeringa føreslår å bruke 303 millionar kroner til produksjonstilskot neste år. Ein fjerdedel av det går til lokalavisene. Mesteparten går til nokre få, men viktige, riksaviser og nokre nummer to-aviser elles i landet, skriv LLA-representantane.

Dei peikar på at sjølv om tilskota til kvar avis er lite så er det viktig for at flest mogleg lokalsamfunn kan ha ei lokalavis som utfører samfunnsoppdraget sitt til beste for innbyggjarane. Avisene er lim og lupe og held lokaldemokratiet levande.

 Fakta LLA

  • LLA har over 100 medlemsaviser, inklusiv Bø blad.
  • Dei fleste avisene kjem ikkje ut dagleg.
  • Målet til LLA er å styrkje lokalavisene , slik at dei kan tene og stimulere demokratiet, kulturen og næringslivet i lokalsamfunna sine.
  • LLA er avisene sitt talerøyr overfor myndigheitene og andre som styrer lokalavisene sine rammevilkår