GJEV UT KYRKJEBLAD. Kyrkjelyden i Bø sokn er tilbake med eige blad.
GJEV UT KYRKJEBLAD. Kyrkjelyden i Bø sokn er tilbake med eige blad.

Ringer for Syria og Irak

B¿haugen 2. mai 2012.

Klokkeklang eitt kvarter. Søndag ringer ein med kyrkjeklokkene i Bø kyrkje mellom klokka 13 og 13.15 i solidaritet med krigsofra i Syria og Irak. Arkivfoto.

Norske kyrkjer ringer for Syria og Irak

Bispemøtet og Kyrkjerådet har oppfordra alle kyrkjer i landet til å ringe med klokkene i etterkant av gudstenesta førstkomande søndag. I eitt kvarter, mellom klokka 13 og 13. 15 skal det derfor ljome frå Bø kyrkje.

– Som ein del av den verdsvide kyrkja oppfordrar me til forbønn og klokkeringing i solidaritet med Syrias og Iraks lidande folk, seier preses Helga Haugland Byfuglien.
Bispemøtet og Kirkerådet oppfordrar også kyrkjelydane til å be særskilt for Syria og Irak.
–Den norske kyrkja vil vere med på å slå alarm om situasjonen for sivile i Aleppo, seier kyrkerådets leiar, Kristin Gunleiksrud Raaum.

TV-aksjonen
Søndag er det også NRKs TV-aksjon, som i år støttar Røde Kors og blant anna organisasjonens arbeid for å skaffe mat, vatn og medisinar til millionar av naudlidande menneske i Syria.

– Ringinga med alle landets kyrkjeklokker vil også vere med på å understreke betydninga av TV-aksjonen og engasjementet den skaper, seier direktør i Kyrkerådet, Jens-Petter Johnsen.

Sjeldan

Søndagens klokkeringing i Noreg knyter seg opp mot #BellsForAleppo, som starta sist veke i ei kyrkje i Finland. Fleire kyrkjer blei med, ringinga spreidde seg til fleire land og ifølgje Kirkenes verdensråd er nå 450 kyrkjer på fire kontinent med.

Det er svært sjeldan at norske kyrkjer brukar kyrkjeklokkene utanom gudstenester og kyrkjelege handlingar, men Bispemøtet og Kyrkerådet kan i spesielle situasjonar be om det.