171214-Alternativ-jul-pakker-2

Inviterer til jul for alle

Odd-Ivar Gundersen, Veronika Olsen og Tove Lundeberg Bringa med pakker som er komne inn til Omvendt julenisse. Dei lovar gåver til barna som kjem på julefeiring på Frivilligsentralen. Foto: Gro B. Røiland

Eit ønskje om å bidra på Alternativ jul i Oslo, har blitt til Alternativ jul i Bø. På dagen juleftan inviterer Odd-Ivar Gundersen og Veronika Olsen til julefeiring på Frivilligsentralen.

Det er ikkje fyrste gong familien Olsen Gundersen feirar jul med andre enn eigen familie, men det er fyrste gong dei dreg i gang ei stor felles feiring som dette. Med seg på dugnaden har dei fått Frivilligsentralen som stiller med hus, Aarnes kafeteria som stiller med tradisjonell julemat, Røde Kors som skal spreie informasjon og Nav i Bø, Sauherad og Nome som også skal orientere om arrangementet og bidra økonomisk viss det trengs. Frå Omvendt julenisse blir det gåver til barn.

– Me vil gå breitt ut og ønskjer velkommen barnefamiliar, eldre som er aleine og folk som slit med rus. Det kan vera ressurssterke personar som er aleine i jula og ynskjer nokon å feire med. Det er mange grunnar, og me treng ikkje vite kvifor. Her skal det vera rom for alle, ingen skal måtte vera aleine på juleftan, seier Gundersen.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa digitalt på buyandread.no.