
Tilsette og ungar i Folkestad barnehage ber folk som luftar hundane sine inne på området deira plukke opp hundedritten etter seg. Foto: Folkestad barnehage
Einingsleiar i Folkestad barnehage, Elin Slåttedalen, er oppgjeven og lei av at tilsette dagleg må gå ein runde på barnehageområdet og plukke opp hundedritt som er lagt igjen i løpet av kvelds- og helgetid.
– Me har hengt opp lappar ved inngangsportane og hadde trudd at problemet skulle gje seg, men det gjer det ikkje. Eg synest det er leitt at me må gå ut i lokalavisa, men ser ikkje anna råd, seier Slåttedalen.
Dei tilsette trur det handlar om åtte-ti hundedritt per veke. Torsdag i førre veke toppa det seg med seks «funn» på ein og same dag.
Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no