Universitetet i Søraust-Noreg jobbar for å få til eit senter for berekraftig utvikling i Bø.
Rektor Petter Aasen har tidlegare sagt at ein jobbar med å få til eit samarbeid med Cicero og eit senter for berekraft. Men han seier til Bø blad at ein også jobbar med eit senter for berekraftig utvikling på eigen kjøl. Cicero, Senter for Klimaforsking, jobbar med tverrfagleg klimaforsking. Det er ein uavhengig stiftelse oppretta av regjeringa i 1990.
Aasen peikar på at ein merkar endring i forventningane både frå studentar og arbeidsliv. Ein ønskjer å tenkjer framover slik at USN også er attraktiv i framtida.
Les meir i papiravisa eller eavisa på nett.