
Småbruket Raudmyr i er lagt ut for sal. Det var heimen til komponist og dirigent Olav Kielland.
Olav Kielland var ein internasjonalt kjend dirigent fødd i 1901. Han var utdanna som dirigent i Leipzig og Paris og var dirigent og kunstnarleg leiar i Filharmonisk Selskap i Oslo. Han var også gjestedirigent i byar som Paris, London, Berlin, New York, Brussel og Helsingfors og ein kjend komponist. Kielland bygde opp symfoniorkesteret i Reykjavik.
Til Bø kom Kielland i 1941. Han fortel sjølv i eit intervju på NRK at heimen her betyr uendeleg mykje for han. Her går elva som ein halvsirkel rundt plassen og han kan høyre fossen.
Kielland kom til Bø for å lære folkemusikken å kjenne. Det var spesielt storspelemannen Torkjell Haugerud som drog han hit. Spelemann Torgeir Straand fortel at han gjerne ville høyre spelet til Alfred Amundsen òg. Amundsen har mura peisen i stova på Raudmyr.
No er altså småbruket på 25 mål med fleire hus og utsikt til Herrefoss til sals.
Bø blad har tidlegare skrive om Kielland. Sakene finn du i eavis-arkivet.