FULL TRENING. Det blir opna for trening både inne og ute for barn og unge, men med nokre restriksjonar.
FULL TRENING. Det blir opna for trening både inne og ute for barn og unge, men med nokre restriksjonar.

Opnar for trening for barn og unge

Det blir letta på fleire av tiltaka for å hindre kronasmitte frå 1. juni. Det gjeld blant anna trening for barn og unge, jobbreiser og karantene, men treningssenter må halde stengt.

– Barne- og ungdomsidretten går over på gult, kunne kulturminister Abid Raja opplyse på regjeringas pressekonferanse torsdag ettermiddag.

Raja viste til systemet som er utvikla med raudt, gult og grønt lys for smitte og tiltak blant anna i skular og barnehagar.

Han sa at frå 1. juni opnar all trening både ute og inne for barn og ungdom opp til 19 år. For idrettar med tett trening som kampsport og dans gjeld at dei må ha få treningspartnarar. Symjehallane kan også opne for trening.

– Me må halde fram med å jobbe saman for at gult skal bli til grønt, understreka Raja. Han håpar på å nå grøn fase så fort som mogleg

Bjørn Guldvog, direktør i Helsedirektoratet, opplyste at ein gjer unnatak for ein meters regelen for barn og unge. Det er framleis ein del restriksjonar. Guldvog forklarte at handballag for jenter 15 år kan delast i to og spele treningskampar seg imellom, men ein kan ikkje spele mot jenter 16 år i same klubben.

– Me opprettheld kohort-tenkinga, seier Guldvog.

(Kohort er terminologi for ei gruppe med felles kjenneteikn og brukt i samband med koronatiltak. )

Helseminister Bent Høie sa at planen om å opne for arrangement med inntil 200 person etter 15. juni framleis står ved lag. Han signaliser at alle store arrangement ut dette året må legge til rette for god avstand. Det kan bli aktuelt å opne for arrangement utover 200 personar.

Treningssentera må vente. Høie seier at ein har ein plan for dei, men dei må vente til 15. juni.

Næringsminister Iselin Nybø opplyste på same pressekonferanse at det blir opna for arbeidsreiser i heile Norden utan at ein må i karantene etterpå. Barar, utestadar og moroparkar kan også opne frå 1. juni.

Nybø opplyste at ein arbeider med ein rapport om korleis fleire kan vende tilbake til kontora i dei store byane. Det handlar mykje om korleis ein kan løyse kollektivtransporten.