PÅBUDT IGJEN: Kommuneoverlegen ønskjer å hindre smiitte frå Grenland og formannskapet seier ja til munnbindpåbod. 

LOKALE SMITTETILTAK. Det kan bli aktuelt å bruke munnbind under førarprøve dersom det blir lokale smitteutbrot av Korona.
KAN BLI FORLENGA. Det kan bli forlengiing av munnbindpåbodet i Midt-Telemark. Illustrasjonsfoto

Innfører påbod om munnbind i Midt-Telemark

Formannskapet følgde oppfordringa til kommuneoverlegen og innførte påbod om munnbind der ein ikkje kan halde over ein meters avstand. Påbodet gjeld også dei som er vaksinerte.

– Det er stor smitte i Grenland som dei har problem med å få kontroll over. Me har seks som er smitta.

Det sa kommuneoverlege Kristin Sekse til formannskapet då det hadde oppe sak om å innføre munnbindpåbod i eit ekstraordinært møte tysdag ettermiddag.

Sekse kunne tenkje seg å stenge mot Grenland, men det seier Statsforvaltaren nei til. Men ho har fått klarsignal for munnbindpåbod.

Det blir innført frå og med onsdag 12. mai til og med 25. mai som er same datoen som dei forsterka statlege tiltaka er innført for Grenland.

Restriksjonar for arrangement

Sekse sa at ho eller smittevernoverlegen skal ha melding dersom nokon planlegg noko for fleire enn 20 personar.

– Me kjem ikkje til å tillate arrangement for meir enn 20 personar før den 25. sa Sekse.

Ho oppfordrar folk til å utsetje planlage familie- og vennetreff. Russen bør avgrense feiringa.

– Dersom russen vil rulle må den berre gjere det i eigen kommune, understreka kommuneoverlegen.

­– Det er lurt å gjere ein innsats no slik at ein slepp å sitje i slike møte utover sommaren, sa Sekse.

Også for helsepersonell

Bjørn Magne Langkås lurte på om påbodet også gjeld helsepersonell sidan mange utsette er vaksinert. Han peika på at det er svært slitsamt. Det sa Sekse seg einig i, men påbodet gjeld likevel for dei òg. Ho peika på at alle ikkje er vaksinerte og ein kan også bli smitta om ein er vaksinert, eller bringe smitte vidare.

Nome og Notodden kommunar har gjort same vedtaka.

Plikta til å gå med munnbind gjeld ikkje barn under 12 år, eller dei som av medisinske grunnar ikkje kan bruke munnbind.

Gjeld vaksinerte

Også dei som er vaksinerte, både med ein og to dosar, er pliktige til å bruke munnbind.

I ei pressemelding oppfordrar kommunen folk til å unngå å reise, spesielt til område med mykje smitte.

Ein må unngå samlingar med meir enn ti personar innandørs og 20 personar utandørs, spesielt på tvers av kommunegrenser.

Sekse opplyser til Bø blad at vedtaket ikkje får nokon konsekvens for 17. maiferinga. I Gullbring der Talarstemnet skal vere er det faste, tilviste plassar. Dette er i tråd med nasjonale retningslinjer.