ENQUETE: Silje Myrene Bøen er ein av dei spurte i Bø blads enquete om symjing.
ENQUETE: Silje Myrene Bøen er ein av dei spurte i Bø blads enquete om symjing.

Fem på gata om symjekompetansen sin

Kan du symje, hadde du klart kompetansekravet til symjing for 4. klasse, kan du livredning og har du hatt behov for å kunne livredning? Det er spørsmåla som desse personane har fått.

KOMPETANSEKRAV I SYMJING – 4. KLASSE:

Vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg), så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land.

  1. Kan du symje?
  2. Hadde du klart kompetansekravet for 4.klasse?
  3. Kan du livredning?
  4. Har du hatt behov for å kunne livredning? Kva skjedde?

Tor Olav Moen – Bø/Lunde

– Det kan eg, men eg symjer altfor lite. 

– Ja, det trur eg nok at eg skulle klart.

– Eg har hatt fleire kurs, både gjennom arbeid og Sivilforsvaret. 

– Nei, heldigvis ikkje. 

Tor Inge Haugen Sandbakken – Nordagutu

– Eg kan symje. Eg lærte det da eg var cirka sju år. 

– Det hadde eg nok klart, sjølv i min alder! 

– Ja.

– Nei. 

Jon Endre Klevar – Bø/Klevar

–  Ja.

–  Ja.

– Grunnleggjande kurs i forbindelse med opplæring i Sommarland i 2010-2014. 

– Eg har aldri hatt behov for livredning sjølv eller opplevd personar på nært hald som har hatt behov for det, men det er ein tryggleik å kunne. 

Silje Myrene Bøen – Bø

– Ja, det kan eg. 

– Ja, eg trur eg hadde klart kompetansekravet til symjing i 4. klasse.

– Eg kan livredning og har gjennomført kurs fleire gonger, men j at det bør friskast opp jamnleg. 

– Heldigvis ikkje! 

Marthe Dahle – Bø 

– Ja. 

– Ja.

– Ja.

– Nei.

Faktaboks

HEILE NORGE SYMJER

  • Norske symjeferdigheiter er på sisteplass i Norden. Det har Norges Svømmeforbund, Redningsselskapet og NRK tenkt å gjere noko med gjennom prosjektet «Hele Norge svømmer». Symjeopplæring, livredning og drukningsforebygging står i fokus.
  • Prosjektet består av både underhaldningsprogram og nyheitsjournalistikk for barn og vaksne. Flere lokalaviser rundt om i Norge, deriblant Bø blad, er òg med på prosjektet ved å setje fokus på korleis det ligg an med symjeferdigheiter og tilbod om opplæring lokalt.
  • Laurdag 5. juni var det fokus på vassglede og flyting da Christopher Robin «Chris» Omdahl frå FlippKlipp, Salamatu «Sally» Kamara fra Supernytt og Ida Nysæter Rasch frå Sporten inviterte til to direktesendingar frå Frognerbadet i Oslo. Du kan sjå sendinga her: https://tv.nrk.no/serie/hele-norge-svoemmer/2021/DORR21300220/avspiller