ALTERNATIV: Wenche Darrud (f.v.) på Det Gule Hus og og Anita Haugo Fredly på Røde Kors-butikken inviterer til grøn torsdag og alternativ julehandel.
ALTERNATIV: Wenche Darrud (f.v.) på Det Gule Hus og og Anita Haugo Fredly på Røde Kors-butikken inviterer til grøn torsdag og alternativ julehandel. FOTO: Gro B. Røiland

– Det er ikkje «vekk med Black Friday», men me vil vise at det finst alternativ

Det blir ikkje Black Friday hos Wenche Darrud og Anita Haugo Fredly. Dei lokkar i staden med grøn torsdag.

Torsdag 2. desember inviterer dei to bruktbutikkdrivarane, Darrud på Det Gule Hus og Fredly på Røde Kors-butikken, til grøn torsdag. Det blir ikkje feite tilbod, men langope, kaffi og gjerne ein prat over kaffikoppen.

– Tanken min er å få til ein miljøvenleg vri, seier Darrud.

Ho kontakta Fredly i den nystarta Røde Kors-butikken i Bøgata 20, som sel brukte klede, og lanserte ideen. Fredly blei med på grøn torsdag.

– Ein kan vera miljøvenleg med klede også, seier Fredly.

Det Gule Hus spreier seg

Torsdag 2. desember er det to år sidan Niels Gerner Nielsen opna Det Gule Hus i Bø. Same dato i år opnar Det Gule Hus på Stord. Begge er franchisebutikkar.

Interessa for Det Gule Hus i Bø er stor, opplyser Darrud, som fortel om venteliste for å leige hylle og stor variasjon i kundegruppene.

– Er grøn torsdag ein kritikk av vanlege butikkar?

– Nei, og det er ikkje «vekk med Black Friday», men me vil vise at det finst alternativ. Me treng produksjon og sal av nye ting, men me kan ta vare på dei ressursane me har, materielt, men også menneskeleg, seier Darrud.