POPULÆRT TILBOD: Hit kjem både turistar og fastbuande på besøk.
POPULÆRT TILBOD: Hit kjem både turistar og fastbuande på besøk. FOTO: Øystein Akselberg

Er du god på reiseliv og attraksjonar i Midt-Telemark?

Dei tilsette i Bø blad lagar quiz til deg kvar veke. Denne gong er det Hilde som spør.

  1. Når blei Bø Sommarland opna?
  2. Kva for ein tryllekunstnar skal opptre i vassparken i heile sommar?
  3. Kva for fartsfylt sport kan du prøve på Norsjø Ferieland?
  4. Kva heiter den populære restauranten på Norsjø Ferieland?
  5. Kva heiter kanalbåten som legg til ved Akkerhaugen brygge?
  6. Kor ligg klatreparken i Midt-Telemark?
  7. Kor kan du oppleve det søramerikanske kameldyret Alpakka i vår region?
  8. Kor mange toppar er over 1000 meter på Lifjell?
  9. Kva heiter det populære klatreplatået som folk valfartar til i Eikjabygda?
  10. Kor startar og sluttar Telemarkskanalen?
  11. Kor mange slusekammer er det i Vrangfoss sluser?
  12. Midt-Telemark Museum omfattar fire ulike museum. Kva heiter dei?
  13. Kva for ein gard produserer sideren Livlig?
  14. Kva for ein gard har blitt stor på øl?
  15. Kor kan du overnatte i ei vintønne?

Svar: 1. 1985 2. Alexx Alexxander 3. I Norsjø kabelpark kan du prøve vannski og wakeboard 4. Restaurant Svilla 5. Telemarken 6. Ved Bø camping i Folkestad 7. På Svenseid Alpakka, ein gard mellom Lunde og Bø 8. Over 20 9. Gygrestolen 10. Telemarkskanalen strekkjer seg frå Skien til Dalen 11. Fem 12. Bø museum, Bø prestegard Evju bygdetun og Hørte dampfarveri 13. Lien Gård på Akkerhaugen 14. Lindheim Ølkompani 15. Lerkekåsa vingård