NYE SMITTETILFELLE: Fire nye smittetilfelle er meldt i Midt-Telemark.
NYE SMITTETILFELLE: Fleire nye smittetilfelle er meldt i Midt-Telemark.Illustrasjon: Dag Einar Hvitsand

Ny positiv test i Midt-Telemark kommune

Eit nytt smittetilfelle er oppdaga i Midt-Telemark hos ein person som kom til Noreg med fly.

Måndag melder Midt-Telemark kommune om eit nytt smittetilfelle i vår kommune.

Ein person som har kome til Noreg med fly har testa positivt på covid-19. Det blei tatt ein hurtigtest av vedkomande på flyplassen, og den viser seg nå å vere positiv.

– Personen som er smitta er sett i isolasjon og medlemmar i husstanden, samt andre nærkontaktar, er sett i karantene, blir det opplyst i ei pressemelding frå kommunen.