VIL KJØPE: Legesenteret kan få ny eigar.
VIL KJØPE: Legesenteret kan få ny eigar. FOTO: Bø blad, arkiv

Betre tilgang på helseopplysningar

I kjernejournalen får fastlegen, helsepersonell på sjukehus, legevakta og spesialistar tilgang på oppdatert informasjon om pasienten. Arkivfoto: Marta Kjøllesdal

Fyrste mars fekk alle innbyggjarar i Telemark ein kjernejournal som gjev helsepersonell rask tilgang til opplysningar om pasienten. Det er avgjerande når tida er knapp.

Ein kjernejournal samlar viktige helseopplysningar om innbyggjarane på ein stad. Nå har alle innbyggjarar i Telemak, Vestfold, Østfold, Buskerud samt Asker og Bærum dette på plass. Dermed har alle i Noreg fått ein kjernejournal.

Tidlegare har ikkje alltid helseopplysningar mellom ulike behandlingsstader blitt delt. Det som står om pasienten i fastlegenes journalsystem er ofte ikkje tilgjengeleg for andre behandlingsstader. Når det hastar å få tak i opplysningar, kan kjernejournal vere til stor hjelp ved at pasientar får betre behandling og i ytste konsekvens kan ein redde liv.

Les meir om saka i papiravisa eller kjøpt Bø blad digitalt på buyandread.no