Partssamansett utval for nye Midt-Telemark kommune gjekk i møtet fredag føremiddag for å selje kommunehuset på Akkerhaugen med knappast mogleg fleirtal. Avstemminga viste 7-7 og ordførar i Bø, Borgar Kaasa, brukte dobbeltstemma si og gjekk for å samle tenester på Gvarv og selje kommunehuset på Akkerhaugen.
Men det er fellesnemda som har siste ordet. Her fekk forslaget som Kaasa sjølv fremja fleirtal. Det går på å utsetje vedtaket om kva ein skal gjere med kommunehuset på Akkerhaugen. Stemmetalet her vart seks for utsetjing og fire mot. Blant dei som ville utsetje var Per Simon Slettebø, Senterpartiet, Sauherad, og Tom Ivar Gravklev, Fremskrittspartiet, Sauherad.