I tidsrommet onsdag 22. juli til fredag 24. juli blei det løsna fleire skot i området ved Bø vidaregående skule i Gymnasbakken i Bø sentrum. Det opplyser Politiet i Midt-Telemark.
– Saka er av alvorleg karakter og hadde eit stort skadepotensiale. Den blir derfor etterforska breitt, opplyser Politiet, som ønskjer å snakke med alle som kan ha sett eller høyrt noko som kaste lys over saka.
Dersom nokon har informasjon knytt til dette, kan dei ringe Midt-Telemark lensmannskontor på telefonnummer 02800