STRAMMAR INN: Helse- og omsorgsminister Bent Høie kom tysdag kveld med nye nasjonale tiltak for å møte den nåverande smittesituasjonen.
NY VAKSINESTRATEGI: Helse- og omsorgsminister Bent Høie seier i dag at ein truleg vil begynne å skeivfordele vaksinane mot covid-19 i Noreg.
MÅ FØLGJE SMITTEVERNRÅDA. Helse- og omsorgsminister Bent Høie understreka på ein pressekonferanse fredag at det er viktig at alle følgjer smittevernråda for å avgrense oppblomstringa av koronasmitten.
UTSET TRINN FIRE I GJENOPNING. Helse- og omsorgsminister Bent Høie opplyste i dag at trinn fire i regjeringas gjenopningsplan blir utsett med fjorten dagar. FOTO: Borgos foto AS

Helse- og omsorgsministeren:

– Alle har ansvar for å følgje smittevernråda betre

Etter fredagens pressekonferanse, er det klart at regjeringa strammar inn på fleire område i samfunnet for å møte auken i covid 19-smitta. Det blir mellom anna forbod mot alkoholservering etter midnatt i heile landet.

– Ting blir nå sett på vent. Me er nøydd til å bremse for å ikkje gå over smittegrensa, sa helse- og omsorgsminister Bent Høie på pressekonferansen. Han lista opp fleire tiltak som det er viktig at folk held seg til i tida framover:

  • Frå i morgon, laurdag, blir det forbode å servere alkohol etter midnatt. Det gjeld heile landet.
  • Meir bruk av heimekontor.
  • Alle som kan, blir anbefalt å sykle eller gå til jobb og skule.
  • Anbefaling om å bruke munnbind på kollektivtransport før 14. august.
  • Ein skal bruke munnbind heile vegen heim når ein kjem frå reise i raudt land.
  • Unngå alle unødvendige reiser til både grøne og raude land.
  • Det blir ikkje opning for større arrangement slik det har vore varsla.

Innstramming

– Me kan ikkje ta sjansen på å miste kontrollen nå. Smitten aukar både i Noreg og andre land fordi mange har reist og møtt fleire andre i sommar. Det har gjort smittesporing krevjande, derfor kan me ikkje opne for meir kontakt mellom menneske. Me bremser og strammar inn for å unngå bråstopp og full nedstenging av landet igjen, sa Høie fredag ettermiddag.

Ein konsekvens av dette er at det frå laurdag blir forbode å servere alkohol etter midnatt i heile landet. Ny vurdering av dette blir gjort den første veka i september.

Det betyr også at regjeringa ikkje går vidare med planlagte tiltak på veg mot gjenopning av samfunnet. Det blir derfor stramma inn på følgjande:

  • Det blir fortsatt grense på 200 personar ved eit arrangement.
  • Det blir ikkje opna for kampar og arrangement i breiddeidretten for vaksne frå 1. september.
  • Det blir ikkje lempa på krav om avstand i kino-, teater- og konferansesalar.
  • Ein skal ikkje samle fleire enn 20 personar til fest heime.

Gå og sykle til jobb

Høie seier at ein er nøydd til å redusere talet på reisande i rushtida på stader der det er trongt.

– Me oppfordrar derfor alle til å gå eller sykle til jobb, dessutan må me ha meir heimekontor og forskyve arbeidstida for å få til dette. Arbeidsgjevarar må leggje til rette for å unngå at fleire reiser på same tid slik at alle er trygge, sa Høie.

Han la òg vekt på at munnbind ikkje er eit alternativ til å halde avstand.

– Meteren beskyttar mykje betre enn munnbind, men i situasjonar der det er vanskeleg å halde avstand kan munnbind vere eit alternativ, sa Høie, og la til at det ikkje er planlagt å innføre påbod om munnbind.

– Det kan bli aktuelt å anbefale bruk av munnbind av tøy som ein kan bruke igjen og vaske. Det kan kome anbefaling om å bruke munnbind i rushtida. Munnbind må ein bruke riktig, og meir detaljerte råd vil kome innan 14. august, sa Høie.

Anbefaler å ikkje reise utanlands

Ifølgje helseministeren er det 290 koronasmitta i landet. 67 av desse er smitta på utanlandsreiser.

– Drar ein utanlands aukar risikoen for smitte. Derfor anbefaler me nå å unngå unødvendige reiser til utlandet – til både grøne og raude land, med og utan karantenepåbod. Me kjem ikkje til å opne opp for reiser utanfor EU og EØS. Me skal også styrke mottak og kontroll av reisande til Noreg. Reisande frå raude land skal ha munnbind på heilt fram til staden der dei skal vere i karante, sa Høie.

– Alle må ta ansvar

Helseministeren understreka også at dei generelle smitteråda er like viktige som før:

  • Halde avstand til kvarandre – minst ein meter
  • Vaske hender ofte og grundig
  • Vere heime når me er sjuke
  • Teste oss ofte

– Alle har eit ansvar for å følgje smitteråda. Ein person kan smitte mange andre, og me kan smitte utan å føle oss sjuke. Me kan ikkje tenkje at «det går sikkert bra den eine gongen», og me må beskytte dei me bryr oss om. Alle må gjere ein innsats, så velkomen tilbake på jobb, sa Høie.

https://boblad.no/2020/08/05/kommuneoverlegen-har-klare-rad-til-innbyggjarane-framover/

Smittetala stig

Helsedirektør Bjørn Guldvog informerte om at smittetalet aukar både i Noreg og globalt.

– I dagane og vekene som kjem er det derfor avgjerande at me bremser gjenopninga og brukar smittevernråda slik at me fortsatt kan ha eit ope og tilgjengelg samfunn. Me må bli flinkare enn me har vore i sommar, og me må stille strenge krav til at alle følgjer reglane, sa Guldvog.

– Alle har ansvar. Den situasjonen me er i, er kanskje den mest alvorlege som me som lever nå vil stå i gjennom livet vårt. Covid-19 vil setje spor i fleire land i fleire tiår framover. Nå må me handle riktig slik at samfunnet kan handtere dette, sa helsedirektøren på pressekonferansen.

– Folk må teste seg

Avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet (FHI), Line Vold, fortalte under pressekonferansen at det fortsatt er låge smittetal i Noreg, men trenden er at det aukar. Auka reiseaktivitet gjev import av smitte frå raude land, men òg frå grøne land. Derfor er det risiko ved å reise.

– Me veit førebels ikkje om dette er ei ny bølgje og auken av lokale smitteutbrot er som venta. Situasjonen er ikkje ute av kontroll, men me er bekymra og følgjer med. Å oppdage og avdekke smitte er heilt vesentleg, sa Vold, og oppfordra alle som har mistanke om smitte om å teste seg.

– Det må vere låg terskel for å be om testing blant folk, og kommunane må ha låg terskel for å teste. Me ser ein del utbrot i yngre aldersgrupper, og me ser med bekymring på festing blant unge. Me advarar derfor mot å samle store mengder med folk, særleg der alkohol er med i bildet, sa Vold.