Sosiale medium

Bø i Telemark
33
-4°C
 

Dato

Laurdag 16. februar 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Ane til junior-VM

Telemarkkøyrar Ane Hemmestad Sunde, her i sving i NM på Haukelifjell i fjor. Foto: Skiforbundet

Bøjenta Ane Hemmestad Sunde (19) er teken ut på juniorlandslaget i telemarkkøyring på ski og skal delta i junior-VM.

Meisterskapen går i Krvavec, Slovenia, i dagane 14. til 18. februar. Skarphedin-køyraren er teken ut saman med åtte andre jenter og fire gutar. Det skal køyrast både verdscuprenn og VM-konkurransar.

Trenar for juniorlandslaget, bøheringen Arnstein Sunde, seier at utøvarane er tekne ut etter ei vurdering av innsatsen i norgescup-renna og samlingar, samt at utøvarane har vist god og stabil køyring over lengre tid.

Morgedal IL er godt representert med Maja E. Brynilsen, Kristian Lauvik Gjelstad og Brage Osen Gjøleberg.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje