181206 Bø stasjon anlegg 8

Anlegget på Bø stasjon tek lenger tid

Bø stasjon. Arbeidet i regi av TGB pågår for fullt.

Midlertidig parkering til ut i februar.

Bane Nor melder i dag at arbeidet med å byggje om uteområdet ved Bø stasjon er litt etter skjema. På grunn av ein manglande avtale med naboar har ikkje tiltaket om støttemur langs Møllevegen kome i stand. Det har forseinka arbeidet noko.

Bane Nor seier at den midlertidige parkeringa vil vare til ut i februar, med siste frist 25. februar 2019.