Sosiale medium

Bø i Telemark
11
6°C
 

Dato

Torsdag 15. november 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Audun fekk Drømmestipendet

 

Den unge musikaren Audun Rørmark frå Bø er tildelt Drømmestipendet. Foto: Gro B. Røiland

 

Audun Rørmark (18) frå Bø er tildelt Drømmestipendet på 15.000 kroner frå Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping.

Han er ein av hundre unge kulturtalent i landet som får Drømmestipendet 2018. Tanken er at stipendet skal vera ein inspirasjon og bidra til å oppfylle draumane til unge kulturutøvarar.

Audun, som nettopp er ferdig med musikklinja på Skien videregående skole, spelar fiolin, hardingfele, saxofon og bass. Under tildelinga onsdag kveld på kulturskolens sommarframsyning i Gullbring kulturanlegg, kvitterte han for pengane med Johan Svendsens Romanse for fiolin og piano, akkompagnert av Janne Brudvik Villa.

– Det er tredje gongen ein ungdom frå Bø får Drømmestipendet, påpeika ordførar Olav Kasland under overrekkinga.

 

Les meir om den glade stipendvinneren i papiravisa neste veke.

 

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje