Sosiale medium

Bø i Telemark
18
9°C
 

Dato

Fredag 21. september 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Pilegrimsvandring i epleblomstring

160324-Pilegrimsvandring---Nes-kyrkje-i-fruktblomstring

Vakre Nes kyrkje frå 1180 er utgangspunkt for pilegrimsvandringa som også i år er lagt midt i den vakraste epleblomstringa.

 

Bø museum er ein av fleire samarbeidspartnarar i vårens pilegrimsvandring frå middelalderkyrkja på Nesodden til middelalderkyrkja på Bøhaugen.

Vandringa, som går laurdag 21. mai, startar i Sauherad og går mot Bø. På vegen er det lagt inn fire stopp for dei som ynskjer ein rast: Evju bygdetun, Hørte dampfargeri, Bø museum og Bø prestegard.

 

Les meir om Bø museum sitt vår- og sommarprogram i neste nummer av papiravisa.

 

Ulike meiningar blant dei unge

160317-kommunesamanslåing-Bø-ungdomsskule-1

I Bø og Nome kan alle som er 16 år eller fyller 16 år i år stemme over kommunesamanslåing. Vilde Sofie Einan (f.v.), Liv Aarebakk, Ane Hemmestad Sunde og Niri Frideson Lyngdal frå Bø skal stemme, men ikkje alle veit enno kva dei skal stemme. Foto: Gro B. Røiland

 

I Bø og Sauherad er folk under 30 år mest positive til kommunesamanslåing i Midt-Telemark, mens det i Nome er tvert om. Det viser ei meiningsmåling Norfakta har gjort for Bø blad og Kanalen.

49 prosent av dei spurte i Bø under 30 år er for kommunesamanslåing, mens 26 prosent er mot. I Nome er skepsisen langt større blant innbyggjarar under 30 år.

Stemninga for ein felles kommune i Midt-Telemark er ifylgje undersøkinga svært positiv blant unge under 30 år i Sauherad. Der svarar 76 prosent av dei spurde at dei er for samanslåing.

 

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.com.

Ane Dahl Torp kjem til Bø

ane-dahl-torp-foto-privat

Skodespelar Ane Dahl Torp skal lese frå Maria Sands debutroman på Bøker i Bø. Foto: Privat

 

Skodespelar Ane Dahl Torp kjem til Bøker i Bø. Ho skal vera med på Boksalongen laurdag 30. april, der ho skal lesa frå Maria Sand sin debutroman «Hold pusten så lenge du kan». Det gjer ho saman med forfattaren si kusine, 10 år gamle Alva Sand Venås (10 år) frå Gvarv.

Ane Dahl Torp er fødd i Bærum, men ein periode i tidleg barndom budde familien i Bø medan faren, språkprofessor Arne Torp, var tilknytt Høgskolen i Telemark. Ho er i vår aktuell med oppsettinga «Solaris korrigert» på Det Norske Teatret i Oslo.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje