Sosiale medium

Bø i Telemark
03
11°C
 

Dato

Fredag 21. september 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Haustmarknad i hallen

Spinnekunst

Spinnekunst

Ossian Kidholm spinn garn av kaninull. Her er det Liv Kristin Løvoll og Tone Cecilie Bergkvist som får høyre om spinnekunsten.

Skikupp

Skikupp

Thorvald Amundsen var svært fornøgd med skia han fann i Telemarkshallen, eit par heilnorske Landsem treski. Dei skal han ta med til hytta i Dyrdalen.

Lefse frå Høydalsmo

Lefse frå Høydalsmo

Birgitte Yndesdal selde mørlefse bakt i Høydalsmo. Her er det Else Marie Staub Hansen og Marte Kristoffersen som har handla.

På gamle trakter

På gamle trakter

Arne Hardang frå Heddal var tilbake på gamle heimtrakter som seljar i Telemarkshallen. Hardang budde i Bø som gut og gjekk på Vreim skule.

Marknad i Telemarkshallen

Marknad i Telemarkshallen

Sigmund og Anne Marie Haugen frå Bø har deltatt på brukt- og antikkmesser i ti år. Dei var på plass på Haustmarknaden i Telemarkshallen med glas og andre vakre ting.

Haustmarknad

Haustmarknad

Litt av kvart var å få kjøpt på Haustmarknad i hallen.

Årgangsmusikk

Årgangsmusikk

Arnold Aarmodt fann musikk og musikkutstyr av fin gamal årgang hos Sigmund og Anne Marie Haugen.

Mykje å finne på Haustmarknad

151126 Haustmarknad 1

Godbitar. Arnold Aarmodt (t.v.) fann mange godbitar i platekassa hos Sigmund og Anne Marie Haugen. Foto: Gro B. Røiland

 

Haustmarknaden i Telemarkshallen sist helg trakk mange seljarar og mange handlelystne besøkande. Her kunne ein få alt frå lefse til fajanse og stereoanlegg av godt, gamalt merke.

Over 2000 personar besøkte messa i løpet av helga. Det betyr gode inntekter for arrangøren Skarphedin Fotball.

Les meir i papiravisa eller på buyandread.com.

 

Bøhering i NM

151126 Trym Staurheim

Poesislammar. Trym E. Staurheim (22) stiller med ein solid heiagjeng når han fredag konkurrerer i NM. Foto: Privat

 

Fredag står Trym E. Staurheim (22) på scenen i Oslo og konkurrerer i poesislam. Bøheringen er ein av seks deltakarar i NM.

Det var under Kartfestivalen i august at Trym debuterte på poesislamscenen. Her vann han, noko som gav han finaleplass i noregsmeisterskapet.

«Foreningen !les» arrangerer meisterskapet. I Oslo skal Trym konkurrere med fem andre finalistar frå heile landet, blant dei erfarne folk innan tekstskriving og scene.

 

Les meir i papiravisa torsdag 26. november.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje