Sosiale medium

Bø i Telemark
38
-10°C
 

Dato

Fredag 14. desember 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Lys på grana og nissar i hopetal

Populære figurar. Det var ein heil flokk julenissar på Bø torg i kveld. Foto: Øystein Akselberg

Det var god stemning på Bø torg i kveld da Bø kommune sparka i gang jula 2018. Det blei halde tale, sunge julesongar, spelt fin julemusikk av Bø skulemusikk og gått rundt juletreet. Lyset på julegrana kom plutseleg på og heilt til slutt kom det ein hel flokk med julenissar med godteriposar til ungane. Stor stas og skikkeleg fin julestemning rundt eit fint julepynta juletre.

Mariposa er med i kommunens planar vidare

Viktig stad. Mariposa er eit aktivitets- og arbeidstilbod i regi av Bø arbeidssenter. No er kaféen igjen blitt tema i budsjettarbeidet i Bø kommune. Arkivfoto.

Bø blad meldte i torsdagens avis at kaféen Mariposa, som driftast av Bø arbeidssenter, var tema under måndagens formannskapsmøte i Bø kommune.

Bø kommune har signalisert at det må gjerast ein innsparing på ein halv million kroner innanfor området arbeid/aktivisering,  som er området til Bø arbeidssenter. Det blei i ein samanheng nemnd at kafèen stod i fare for å bli nedlagt om heile kuttet for Bø arbeidssenter måtte takast på Mariposa.

Leiar for Bø arbeidssenter har uttalt at det ikkje ligg i planane å leggje ned tilbodet på Mariposa. Sjølv med eit kutt på ein halv million kroner på dette området skal dei klare å drifte totaltilbodet til Bø arbeidssenter.

Rådmann Åse Egeland bekreftar overfor Bø blad i dag at det ikkje har vore snakk om å leggje ned Mariposa, men at arbeidssenteret må finne ei løysing på innsparing på annan måte.

Gullbring er blakk

Bygdas møteplass nummer ein. Gullbring kulturanlegg har stor aktivitet og er attraktiv som møteplass, men slit alvorleg med økonomien. Foto: Øystein Akselberg

Gullbring kulturanlegg ved ny styreleiar Terje Wold og konstituert dagleg leiar, Katharina Skomedal, la fram dystre tal for kulturanleggets økonomi. Det var Bø formannskap som fekk servert status for Gullbrings skrantande økonomi i møte måndag.

Her er tala politikarane fekk: Gullbring har ein negativ eigenkapital på 5,6 millionar kroner, kortsigkitg gjeld på 4,6 millionar kroner og langsiktig gjeld på 40,7 millionar kroner. Årets regnskap går med minimum 1,1 millionar kroner i minus. Situasjonen er så prekær at Gullbring ikkje har pengar til å betale løn og rekningar i desember. Gullbring klarer heller ikkje betale planlagte avdrag på banklån i året som kjem. I 2019 handlar det om 2,7 millionar kroner i låneavdrag pluss 750.000 kroner i renter. Og da er ikkje etterslepet på vedlikehald nemnt eingong.

Nå må Bø kommune opne pengesekken eller så er det fare på ferde for bygdas viktigaste møteplass for helse, kultur og trening.
– Me har forsømt oss for lenge, sa Glenn Isaksen (Ap), og spurte om ikkje Bø kommune burde bruke av fondspengane til å løyse det mest prekære.
–Det er ein falitterklæring om me som eigar ikkje kan styre Gullbring sjølve, sa Asbjørn Botnen (H). Han ville fjerne alle rabattane Gullbring gjev lag og organisasjonar i leige av huset.

Over to heilsider kan du lese om saka i dagens Bø blad.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje