190912 Baking på Bø museum 3

Brødbaking på Bø museum


Bjørg Momrak (midten) lærar elevane å bake brød på gamlemåten. Foto: Gro B. Røiland

Bø museum har fått 69.000 kroner i støtte frå Sparebankstiftelsen DNB og Landslaget for lokalhistorie til formidling av lokalhistorie til barn og unge.

Det gjer at alle elevane i 5. og 6. klasse ved Folkestad skule og Bø skule i haust blir invitert til opplegg på museet.

Brødbaking på gamlemåten med steiking i steinomn er ein av aktivitetane elevane får delta på. Onsdag var femten elevar med på baking på museet og alle fekk med seg eit nystekt brød heim.

Seinare i haust blir det andre elevaktivitetar knytt til museet.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no.