190131-Minnestund-Maren-og-Louisa-20

Dansk politi har sikta 14


Louisa Vesterager Jespersen og Maren Ueland vart drepne i Marokko 17. desember i fjor. Begge var studentar ved Universitetet i Søraust-Noreg i Bø.

Dansk politi har sikta 14 personar for å ha delt videoen som viser drapet på danske Louisa Vesterager Jespersen. Kripos har samarbeidd med dansk politi, men ikkje sikta nokon.

Louisa Vesterager Jespersen og Maren Ueland frå Rogaland vart drepne i Marokko 17. desember i fjor. Begge var studentar ved Universitetet i Søraust-Noreg i Bø.

Det er nettavisa Abcnyheter som har skrive om siktingane. Fleire personar er tidlegare pågripne i Marokko. Fire menn skal vere hovudmistenkte.

I ei pressemelding skriv Kripos at dansk lovgjeving i større grad rammar handling som deling av videoen som syner drapa enn norske lover. Som Bø blad har skrive tidlegare har denne videoen også blitt sendt til folk i Bø via sosiale medium, blant anna til elevar ved Bø ungdomsskule.

Kripos skriv i pressemeldinga at det har prioritert å jobbe med å hindre vidare spreiing av videoen. Det er gjort forsøk på å få den fjerna frå nettet, men det har ein ikkje klart heilt. Kripos seier at åtvaringa frå tidlegare om å ikkje dele videoen, ikkje sjå den eller laste den ned står ved lag.

Det norske Kripos har motteke rundt 400 tips i saka. Dei handlar i hovudsak om videoen som viser det eine drapet.

Dansk politi skriv i ei pressemelding at av 118 meldingar som politiet har motteke har 14 saker ført til sikting. Alle dei 14 er sikta for å ha delt videoen, det typiske er via Facebook Messenger og andre sosiale medium. I tolv av sakene er dei sikta for under særleg skjerpande omstende å ha delt videoen som vedkjem ein annan person sine private forhold som openbart skal haldast unna offentlegheit. Strafferamma er under særleg skjerpande omstende fengsel opp til tre år.

Dansk politi skriv at det ikkje berre er ulovleg å dele videoen, det er også krenkande. Det oppfordrar folk til å snakke med barn og unge om dette. Seks av dei sikta er i alderen 13 til 18 år, av dei er to under 15 år.