Asfaltarbeid RV 36 retning aust 22. mai 2019 1894

Det asfalteres i Bø i dag

To asfalteringsjobbar. Her er eit situasjonsbilete frå RV36 på austsida av Bø sentrum. Arbeidet pågjekk mellom sentrum og Napastaa-bygget. Foto: Øystein Akselberg

Sjølv med gråvêr og regn i lufta har to vegstrekningar i Bø hatt anleggsarbeid med legging av asfalt i dag. Eit større arbeid pågår mellom Bø og Gvarv på riksvegen. Det blir lagt ny asfalt på strekningar aust for sentrum, det vil sei frå sentrum og i retning Gvarv. Arbeid pågjekk rundt lunsjtider mellom krysset til Valenvegen og Napastaa-kvartalet. I Breisås har den nye gang- og sykkelvegen opp Bordvegen fått asfalt i løpet av dagen.

Breisås. Gang- og sykkelvegen har fått nye gatelys og idag også asfalt.