190411 Marit Svalastog

Fele og beltestakk

Styreleiar i Telemarkfestivalen, Marit Svalastog, i festivaljakke med ny farge og ny logo. Foto: Gro B. Røiland

Fela er tilbake i ny profilering av Telemarkfestivalen. Den har fått følgje av fargar henta frå belte til beltestakken.

Styreleiar Marit Svalastog og tidlegare styremedlem Åse Sageie har hatt i oppdrag frå festivalstyret å gjera noko med profilering av festivalen. Resultatet kan ein foreløpig sjå på festivalen si nettside og Facebook-side.

– Heile profilen er endra. Me ønskjer å uttrykke folkemusikkidentiteten sterkare gjennom det visuelle uttrykket, samt sprekare fargar. Me hadde også lyst til å ta tilbake hardingfela som eit element, seier Svalastog.

Dei har hatt hjelp av designar Hege Holt Østmo frå Toogtyve i Larvik. Ein inspirasjonstur til festivalen og Bø museum i fjor var del av forarbeidet. På museet si feleutstilling fann ho rosa som er tatt inn i festivall-logoen. Også konturen av ei fele er med.

Frå belta til beltestakken har designaren henta den nye fargepalletten til Telemarkfestivalen.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no