Frode Lieungh (H) lser i fylkesbudsjettet. 13. mai 2011.
Frode Lieungh (H) lser i fylkesbudsjettet. 13. mai 2011.

Frode Lieungh gjer comeback

Listetopp for Høgre. Frode Lieungh (H) har lang erfaring frå politikken. Her les han i fylkesbudsjettet i 2011.

Midt-Telemark Høgre valde i går Frode Lieungh (73) som partiets ordførarkandidat og listetopp. Han erstattar Anders Eriksrud Bergan som har trekt seg av personlege årsaker.

Lokalpartiet Midt-Telemark Høgre har i ei vekes tid jobba med å få på plass ny listetopp etter at Anders Eriksrud Bergan, som var partiets listetopp til haustens kommuneval, måtte trekkje seg. På styremøtet i lokalpartiet tysdag kveld blei ein kandidat utanfrå vallista henta inn som listetopp.

Dermed blei det klart at Frode Lieungh frå Bø gjer comeback i lokalpolitikken. Han har vore ein synleg mann i politikken i Bø sidan 1979 og har brei erfaring i både kommunestyre og fylkestinget.

Stiller opp
– Eg hadde ikkje tenkt å vere aktiv i politikken, men føler det er heilt riktig å stille opp for partiet når ein hamna opp i ein slik trist situasjon, seier Lieungh til Bø blad, og legg til at han synes det er svært leit at Anders Eriksrud Bergan måtte trekkje seg.