Gry Bløchinger (f.v.), Bengt Hallvard Odden, Mette Haugholt og Borgar Torbjørn Kaasa.

Generalforsamling Irmat
Gry Bløchinger (f.v.), Bengt Hallvard Odden, Mette Haugholt og Borgar Torbjørn Kaasa.

Irmat blir neppe advokatmat

Kommunestyra i Bø og Sauherad får saka om gransking av avfallsselskapet Irmat tilbake på eige bord etter onsdagens generalforsamling i Irmat.

Generalforsamlinga: Gry Bløchinger (Notodden) (f.v.), Bengt Hallvard Odden (Hjartdal), Mette Haugholt (Sauherad) og Borgar Kaasa (Bø) utgjer generalforsamling i det interkommunale avfallsselskapet Irmat. Foto: Varden

Signala frå advokatane er at leigeavtala som er gjort er gyldig og neppe mogleg å kome ut av. Ein kan no vente seg nye oppvaskmøte både i Bø og Sauherad.

Bø blad snakka med rådmann Åse Egeland og ordførar Borgar Kaasa (Sp) like etter at den ekstraordinære generalforsamlinga ved det interkommunale avfallsselskapet for Bø, Sauherad, Notodden og Hjartdal (Irmat) var ferdig onsdag ettermiddag. Generalforsamlinga tel ordførarane i dei fire eigarkommunane.

Både Egeland og Kaasa slår fast at den ekstraordinære generalforsamlinga og eigarmøtet blei gjennomført utan store kontroversar.

Råd frå advokatane

Saka handlar i korte trekk om kritikken og krava om gransking av dei inngåtte leigeavtalane som er inngått mellom Irmat og grunneigar Jørn Pettersen på Brenna om leige av grunn til ny miljøstasjon.

Egeland seier at generalforsamlinga fekk ei grundig orientering av advokat Tron Dalheim frå selskapet Arntzen de Besche om ulike alternative metodar for ei vidare gransking av avtalane.

– Det blei lagt fram fire alternativ til vidare granskingar: Gransking etter aksjelovas reglar med bruk av tingretten og granskarar tingretten oppnemner eller gransking der kommunen sjølv oppnemner granskarar. Ein kan også ha ei gransking i regi av Irmat sjølv eller politianmelde saka, seier Egeland.

Siste alternativ blei forkasta av generalforsamlinga.

– Konklusjonen til advokat Dalheim var at dette er lovlege avtalar som det ikkje går an å komme seg ut av, seier Egeland etter møtet.

KS-advokat Frode Lauareid og advokat og leiar i kontrollutvalet i Sauherad, Helge Aarnes, var også til stades på møtet. Dei støtta begge Dalheim på at leigeavtalen er gyldig og at det ikkje er mykje truleg at Irmat kan kome seg ut av avtalen.
Ifølgje Vardens journalist som var til stades på generalforsamlinga sa likevel advokat Dalheim at ut frå hans kjennskap til saka har han ikkje opplysningar om at det har skjedd straffbare forhold, men at han likevel ikkje kan utelukke at det har skjedd.

Million-kostnad

Egeland legg til at det kom fram på generalforsamlinga at ein full gjennomgang med advokatar og tingrett er antyda å koste to millionar kroner. Å oppnemne granskarar sjølv kan kome på minimum ein million kroner.

– Ordførarane i Notodden og Hjartdal fekk inn ein protokolltilførsel om at Bø og Sauherad må ta kostnadane med ei gransking sjølv og heller ikkje påføre Irmat  slike kostnadar, seier Egeland, og legg til at ei samrøystes generalforsamling vedtok å sende saka med forslag om ulike alternative granskingar tilbake til kommunestyra i Bø og Notodden.

– Eit alternativ for kommunestyra er å vedta å avslutte saka om gransking, seier Egeland.

Full tillit til styret

Før handsaming av saka vil kommunestyra få same informasjon som generalforsamlinga fekk av KS-advokat Frode Lauareid. Dermed kjem saka på bordet til kommunestyra igjen med spørsmål om ein vil vedta å setje i gang granskingar med ein prislapp på ein til to millionar kroner.

– Eventuell gransking kan berre omfatte forhold som Irmat må svare for og ein kan ikkje krevje svar frå kontrakts- og samarbeidspartnarar, seier Egeland og fortel at advokatane derfor ikkje har stor tru på at ei slik gransking vil avdekke meir enn det som allereie har kome fram frå Telemark kommunerevisjon. På eigarmøtet etter generalforsamlinga vart det uttrykt fullt tillit til styret i Irmat.