Bø Turlag og Gjensidigestiftelsen 748 glede

Jubelbrus på Juvsåbrua

Bø Turlag og Gjensidigestiftelsen 748 glede

Jubel ved brua. Bente R. Tangen overraska dugnadsgjengen i Bø Turlag med ein stor sjekk. Glade karar er Tor Sisjord (f.v.), Arne G. Baugerød, Arne Hjeltnes og Inge Bø.

Gjensidigestiftinga tok på seg nisselua og gav Bø Turlag ein sjekk på heile 440.000 kroner. Pengane går til ny bru over elva Juvsåa. 

Juvså bru nedanfor Oterholt er ei gangbru bygd av Bø Turlag i 1980. Den byrjar å bli i så dårleg forfatning at turlaget har bestemt at den må stengast for gåande innan 2017. Nå blir det bygging av heilt ny bru i staden, takka vere godt arbeid frå gjengen i Bø Turlag og midlar frå Gjensidigestiftinga.