Sosiale medium

Bø i Telemark
01
-6°C
 

Dato

Tysdag 11. desember 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Klatrar mot toppen

I skåringshumør. Her har Skarphedindamene laga mål på Sandvoll. 1. oktober er det toppkamp. Foto: Glenn Isaksen.

Skarphedin sitt damelag i fotball har klatra på tabellen (3. divisjon) denne hausten og er nå med i opprykkskampen for alvor. To lag rykkjer opp. Sandefjord er suveren og om andreplassen kjempar Skarphedin og Stathelle.

I går sikra laget seg sin tredje storsiger på rad. Topplaget Teie blei nedsabla 0-5 på bortebane. Laget har i tur og orden i haust slått Urædd 2 (1-0), Stathelle (2-0), Fossum (7-2), Hønefoss 2 (7-0) og nå Teie (5-0). Neste kamp er mot, så langt, suveren Sandefjord på tabelltoppen. Det skjer heime på Sandvoll 1. oktober. Da må damelaget løfte seg enda eitt hakk og gje vestfoldlaget skikkeleg kamp i toppen.

Målskårar mot Teie var Julie Morken (2), Marie Bang, Mia Eriksen og Guro Børve. Dette er Morkens første mål i Skarphedin-trøya. I andre enden reddar keeper Linda Johansen ein straffe. På trenarbenken er det Øystein Sele som er sjef.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje