kongen-og-dronninga-breidde-Foto--Jørgen-Gomnæs--Det-kongelige-hoff

Kongeparet besøker Bø

Besøker Bø for første gong. Kongeparet kjem til Bø i september.
Foto: Jørgen Gomnæs, Det kongelige hoff

Kongelege gjester til Bø

Ifølgje ei pressemelding frå Bø kommune kjem H.M. Kong Harald og H.M. Dronning Sonja på besøk til Bø måndag 30. september. Kongeparet kjem til Bø før samanslåinga med Sauherad kommune 1. januar 2020. Kongeparet har besøkt Sauherad tidlegare.

Dei kongelege skal besøke Gullbring kulturanlegg om føremiddagen. Etter lunsj vil dei besøke den tradisjonsrike bunadsbedrifta Almankås. Programmet elles er ikkje endeleg klart, men attraktivitet, kultur, forsking og utdanning vil være sentrale element.

– Kongen og Dronninga er veldig velkomne til Bø. Dette besøket gler me oss til, seier ordførar Borgar Kaasa, som trur det blir svært så triveleg med kongebesøk på heimplassen.

– Eg gler meg til å vise fram den flotte bygda vår og alt det fine me har i Bø kommune. Me skal sørgje for å presentere bygda vår breitt og vise fram mest muleg av det som finst her, legg Kaasa til.