Sosiale medium

Bø i Telemark
12
8°C
 

Dato

Fredag 21. september 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Konkurrerer på Landskappleiken

Laurdag konkurrerer Ottar Kåsa og Per Anders Buen Garnås i Trysil. Arkivfoto: Marta Kjøllesdal

 

I dag opnar Landskappleiken i Trysil, med 1500 deltakinger fordelt på 460 startnummer.

Mange midt-telemarkingar deltar på årets kappleik, både i spel og dans. Tre spelemenn busett i Bø skal konkurrere i hardingfele klasse A. Det er Ottar Kåsa, Per Anders Buen Garnås og Lars-Ingar Meyer Fjeld.

Spelemannslaget Bøheringen er med og tevlar i klassa lagspel senior. Andre lokale deltakarar i konkurransen er Audun Rørmark, hardingfele klasse B og Sunniva Langås-Røiland, hardingfele klasse C.

I dans hardingfele klasse A finn med Ingebjørg Bø, som saman med Ola Narverud tok Kongepokalen i fjor. I same klasse finn me Rønnaug B. Larsen, Bø dansarring, som dansar med Eivind Bakka, Fjellrosa.

Nes Nasjonale Dansarring har med fleire dansarar. Vilde Lerstang, Margit Svendsen Torstveit og Thea Myrjord Norheim deltar i dans hardingfele klasse C, mens Kristian Ihle Hanto dansar i klassa Super D.

 

 

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje