Sosiale medium

Bø i Telemark
03
23°C
 

Dato

Fredag 23. august 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Laurdagsfolk flyttar inn

Torgfestivalen laurdag går ute som planlagt, mens utekonsertane i Gullbring blir flytta inn.

Ennå skin sola over Bø, men alt tyder på at laurdagen blir ein våt dag. Yr melder om 24 mm nedbør i løpet av døgnet.

Dette har Telemarkfestivalen nå tatt konsekvensen av. Konsertane på Laurdagsfolk som skulle gått på utescene i Gullbring amfi, blir flytta inni Gullbring-hallen. Dermed blir alle konsertane laurdag kveld inne i kulturanlegget.

Torgfestivalen ute på Bø torg laurdag, med aktivitetar for barn, konsertar, marknad og kulturdebatt, går ute som planlagt. Telemarkfestivalen opplyser på Facebook at det er bestilt større telt til torgfestivalen, og oppmodar elles folk til å ta på gode regnklede.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje