160929 Turbotråkk hai

Leik og moro i Evjudalen

Evjudalen er fin for store og små. Fredag er det aktivitetar i parken. Arkivfoto: Gro B. Røiland

Parken midt i Bø sentrum er ei grøn lunge med god plass til leik og rekreasjon. Fredag ettermiddag inviterer Barneidretten i Bø, i samarbeid med studentar frå idrettslina ved Universitetet i Søraust-Noreg, til leik og moro i Evjudalen.

Arrangementet er for alle barn i alderen 4 til 10 år. Heile familien er velkomen, og det er mulegheit for grilling for dei som ønskjer det.

I annonsa i dagens avis er det ved ein feil opplyst at arrangementet er torsdag ettermiddag, altså i dag. Rett tidspunkt er fredag 10. mai.