Nett Mariann Roe Kyrkjebygdheia opp 2019 med sjekk

Mariann møter Johaug

Deltek i NM terreng. Mariann Roe har starta å konkurrere etter over eit år med sjukdom og opptrening. Her er ho etter å ha vunne sist helgs motbakkeløp i Nissedal. Foto: privat

Mariann Roe (22), Skarphedin friidrett, deltok etter sjukdom i sin første konkurranse på godt over eitt år sist helg. Då vann ho kvinneklassen i eit motebakkeløp i Nissedal. Sundag er ho påmeldt eit nytt løp og det er ikkje kven som helst ho møter der. Det handlar nemleg om NM i terrengløp, seks kilometer lang løype, senior. Det skjer i Frognerparken i Oslo komande sundag. Her møter ho løpseliten i Noreg, samt skistjerna Therse Johaug.

Dette blir Mariann sitt første NM-terrengløp i seniorklassa i lang løype. Ho har delteke i senior kort løype i fjor vår før ho blei sjuk. Da blei det bronse.

– Eg håpar ingen har store forventingar til ein god prestasjon. Eg deltek rett og slett for å trene på å konkurrere, og få meir erfaring i erfaringsbanken, seier Mariann til Bø blad.