Meining:

MEINING: Stina Eiet Hamberg, spesialrådgjevar for levekår og inkludering, Redd Barna

Vinterferie utan pengar? Set krav til kommunen din 

For dei fleste barn er vinterferien ein etterlengta pause frå skulen. Kanskje står ei veke på hytta eller i Syden på programmet. Men for barn som veks opp i fattige familiar byr vinterferien på noko heilt anna.

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at delen barn som veks opp i ein familie med dårleg råd i Noreg har gått ned. Det er gode nyheiter: Auken i barnetrygda har hatt effekt, og fleire familiar har fått eit litt betre økonomisk handlingsrom.

Men tala er framleis høge. Framleis veks 96 220 barn opp i familiar med økonomiske utfordringar. Det betyr at altfor mange barn framleis ikkje har dei same moglegheitene som andre.

For dei aller fleste barn er vinterferien ein etterlengta pause frå skulen: ei tid for skiturar, aking, kino, besøk til familie eller ein dag på bade- eller leikeland. For nokre betyr det kanskje ein tur på hytta eller ei veke i Syden. Men for barn i familiar med dårleg råd kan vinterferie bety noko heilt anna: ei veke heime, utan planar, utan moglegheit til å vere med på aktivitetar eller reise bort. Skulen stenger, og det er ikkje alltid lett å få tida til å gå når familien ikkje har råd til å finne på noko ekstra.

Mange foreldre med dårleg råd fortel at dei gruar seg til feriar. Aktivitetar kostar pengar, og utan eit sosialt tryggleiksnett kan feriane bli lange og einsame for barna. Nokre barn seier at dei ikkje vil invitere vener heim fordi dei er flaue over korleis dei bur, eller fordi dei ikkje har råd til å kjøpe inn det som trengst for å ha besøk. Andre held seg unna sosiale medium for å sleppe å sjå kva klassekameratane gjer.

Sjølv om SSB-tala viser ein nasjonal nedgang i familiar med låg inntekt, er det store skilnader mellom kommunar. Og i alle kommunar er det framleis barn som bur i familiar under fattigdomsgrensa.

Når vi let familiar leve under fattigdomsgrensa, frårøvar vi barna moglegheita til ein stabil og trygg oppvekst. Politikarane har eit ansvar for å sikre at alle barn får dei same moglegheitene. Vi har nok kunnskap til å handle. Spørsmålet er ikkje kva vi må gjere, men om det finst politisk vilje til å gjere det.

Alle kommunar kan bidra til at Nav ivaretek barns behov betre. Nav er i kontakt med mange av desse familiane, og dei tilsette må få meir tid til å følgje opp kvar familie. Dei må få støtte, barnefagleg kompetanse og tydelege retningslinjer som sikrar at barns behov blir kartlagde og prioriterte i vedtak. Helsetilsynet har avdekt at Nav-kontora ofte ikkje fangar opp barns situasjon eller rettar - dette må endrast. Ein trygg oppvekst for barn føreset økonomisk stabilitet og eit tryggleiksnett som ivaretek barns behov.

Gjer politikarane i din kommune nok for å inkludere alle barn? Viss ikkje, er det på tide å krevje handling.

Powered by Labrador CMS