Sosiale medium

Bø i Telemark
36
-9°C
 

Dato

Sundag 25. februar 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

MSG-flyet landa laurdag

Vellukka landing. Svein Gunnar Mæland på toppen av flytrappa like etter Boeing 737-flyet hadde landa på Geiteryggen flyplass laurdag. Foto: MSG Production

Laurdag like før klokka 14.30 foretok SMG Production sitt nyinnkjøpte Boeing 737-fly ei vellukka landing på Geiteryggen flyplass i Skien. Dette er ein stor milepæl i grundar Svein Gunnar Mælands industrieventyr: Passasjerflyet skal vere demonstrasjonsfly i firmaets store testhall for vask- og avising av fly på Geiteryggen flyplass. Flyet tok ein sving over Gvarv og Breisås i ca 900 meter høgde før innflyging mot Geiteryggen og var mogleg å sjå cirka klokka 14 laurdag.

Oppmøtet på flyplassen av skuelystne var svært stort då det berre er andre gongen i historia at eit Boeing 737-fly har landa på Geiteryggen. Det blei ein dag med store opplevingar og mange følelsar for MSG-teamet og Svein Gunnar Mæland spesielt.

Del artikkel...Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje