171214-Kunnskapsparken

Nei til kunnskapspark

Hyblar og kontor. Kunnskapsparken skulle innehalde både hyblar og kontor. Teikning: Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge

 

Styret i Studentsamskipnaden meiner det er for risikabelt.

Styret i Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge har vedteke at det ikkje blir bygging av Bø kunnskapspark. Det opplyser administrerande direktør i samskipnaden, Hans Erik Stormoen.

– Det viser seg dessverre at det ikkje er økonomisk forsvarleg å gjennomføre eit slikt prosjekt, Me fortvaltar studentane sine midlar og me ønskjer ikkje å risikere noko på vegner av studentane, seier Stormoen, ifølgje nettsida til Samskipnaden.

Kunnskapsparken skulle vere på 8.000 kvadratmeter. Siste grove overslag over prisen kom frå Stormoen då Kunnskapsparken vart lagt ut på anbod i desember. Då sa han at han trudde prisen kom på over 200 millionar kroner.

Halve bygget skulle innehalde hyblar, den andre halvparten næringslokale. Bygget skulle reisast på parkeringsplassen ved Bø hotell mot Gullbring.

Stormo seier ifølgje nettsida til Samskipnaden at ein framleis jobbar med ei løysing for hyblane.

Saka blir oppdatert