181115 Målblomen Gjermund Midtbø

NRK-Gjermund fekk Målblomen

NRK-journalist Gjermund Erikstein-Midtbø frå Bø er heidra med Bø mållags Målblome. Foto: Gro B. Røiland

Han er sportsjournalisten som har spreidd Bø-orda håkken, hått, hårre og håssen ut over Noreg gjennom NRK-sporten. Torsdag kveld kom Gjermund Erikstein-Midtbø heim til Bø for å ta imot Bø mållags Målblome for framifrå bruk av dialekt og nynorsk. Det er ein heider han set stor pris på.

– Dialekt er noko eg har vore veldig bevisst på og kjempa litt for, så det er stas at nokon har fått det med seg, seier Erikstein-Midtbø.

Les meir i papiravisa torsdag 15. november eller i e-avisa